Frå fibromyalgi og smerte - til arbeidsglede
Ein invitasjon til ein enkel trimtime forvandla smerte til glede, og opna døra til arbeidslivet for Gunn Nordheim Riis i Kvito - til tross for hennar kamp mot fibromyalgi.
Skrevet av en kollega i Kvito
Det var ikkje ein optimistisk Gunn som deltok i den første trimtimen i Vest-Telemarks avdeling for LHL (Landsforeninga for Hjerte og Lungesjuke). - Eg tenkte berre at eg får prøve det, seier ho.
- Det er enkle bevegelsar og øvingar, men det har vore nok tydelegvis. Ein skal ikkje undervurdere det faktum at eg også kom meg ut og treff folk. No kosar eg meg med den nye helsa eg har fått, og eg kan leike med barnebarna mine og dra på jobb utan å bli sengeliggjande, seier ein tilfreds Gunn på pauserommet hos Kopano-partner Kvito i Kviteseid.
Frå éin til fire dagar i veka
Fra venstre: Hanne Årlid og Gunn Riis.
Men vegen til denne tilfredsheita var ikkje utan hindringar. Gunn byrja hos Kvito i september i fjor, der ho jobba éin dag i veka. No klarer ho stort sett fire dagar i veka. - Som arbeidstakar er ho ærleg, open og inkluderande, og tek initiativ når ho ser at noko må gjerast, seier Hanne Årlid, hennar tilrettleiar.
Omtenksam nabo
Bak denne suksessen ligg ein enkel invitasjon frå Marit Høgstli, Gunns nabo, som også er med i LHL. - Eg såg ho gjekk forbi der eg budde, og ho såg trist ut. Det tenkte eg at eg måtte gjere noko med, seier Marit. Ho inviterte derfor Gunn med på ein vekentleg trimtime i regi av LHL, og resten er historie.
Kvito – ein trygg og inkluderande arbeidsplass
No, med ein trygg og inkluderande arbeidsplass, er Gunn eit levande bevis på at det er mogleg å finne glede og meining i arbeidet til tross for utfordringar. - Ungane mine ville også at eg skulle søkje meg hit. Eg kunne ikkje fått ein betre arbeidsplass og kollegaer, seier Gunn. - Det er trygt å være her, og eg føler meg alltid velkomen av dei dyktige folka.
- Eg gler meg til å dra på jobb kvar dag
Arbeidsglede er ein del av Kvito si visjon, og det er akkurat det Gunn har funne. Ho jobbar med å pakke ved og tek seg av reinhaldet, og sjølv om ho må ta det med ro innimellom, har ho berre vore borte ein dag sidan ho byrja. - Eg er av og til framleis svimmel og kvalm, men eg kan ta pausar og kvile litt når eg er sliten. Eg har hatt heilt utrulege framsteg sidan eg byrja her. Fibromyalgidiagnosa fekk eg i 1995 og då var det så ille at eg hadde smerter døgnet rundt. No gler eg meg til å dra på jobb kvar dag, seier Gunn.
Ønskjer du å kome ut i arbeid?
Har du lignande utfordringar, og ønskjer å kome ut i arbeid?
Ta kontakt med oss i dag. Finn din næraste Kopano-partner ved å klikke her.